FORTALDE OM SKULEN: Spira Svendsen er informasjonsansvarleg på skulen. 

 

- Me er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet, seier Spira Svendsen.

Ein haustdag i september besøkte me  Sogn Jord- og Hagebruksskule. Fylkesstyret høyrte godt etter då Svendsen fortalte om skulen.

-  Hjå oss kan elevane gå Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk. Me tilbyr også Vg3 Landbruk, økologisk.

Svendsen fortel at skulen ikkje har Vg1 naturbruk, og at elevane må ha teke det på ein anna skule før, eller ha tilsvarande kompetanse. 

- Akkurat no har me 46 elevar frå både inn- og utland.

 

Fekk lære mykje nytt

BAK FRÅ VESTRE: Inge Brekke (2.vara i fylkesstyret), Nils Magne Gjengedal (styremedlem) og Ole Bjarne Hovland (1.vara til styret). Framme frå venstre sit Ole-Ivar Åm Sognnes (nestleiar), Tor Arne Herstad (3.vara til styret) og Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag). 

 

- Det var kjekt at Sogn og Fjordane Bondelag kom på besøk.

Svendsen fortel at skulen er meir enn ein økologisk landbruksskule, og håpar fylkesstyret fekk eit innblikk i alt dei driv med.

- Me held eksterne kurs, er Inn på Tunet gard, har gardsbutikk og har norskopplæring for flyktningar. Me fyller mange ulike roller på ein og same plass, avsluttar Svendsen.