- Dette er eit veldig dårleg forslag. Det er eit målretta tiltak mot dei unge, og eit målretta tiltak mot dei som vil investere i landbruket. 

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er ikkje nøgd. Regjeringa ynskjer å innføre skatt på bygdeutviklingsmidlane for bønder i distrikts-Norge, det såkalla distriktspolitiske verkeområdet som gjeld heile Sogn og Fjordane. Dette er midlar som er avgjerande for unge bønder som ynskjer å satse på landbruk. 

- Det er mange unge som slit med økonomien. Det er dei som sit med blodbadet etter investeringane, det er dei som slit med å tjene pengar og det er akkurat dei som blir straffa, seier Felde. 

 

- Gjev med ei hand og tek med den andre

- Regjeringa likar godt å prate om folk som investerer. Dei har auka potten på investeringsmidlane dei siste åra, det er bra. Samtidig vil dei no innføre ei straff for dei me ynskjer skal investere. Dei gjev med eine handa, og tek med den andre. 

Felde reagerer sterkt på at regjeringa angrip ei ordning som er spesielt viktig for unge bønder i etableringsfasen. 

- Eg håpar verkeleg at dette forslaget ikkje vert ståande i det endelege budsjettet.

- Kva vil du gjera?

- Punkt ein er å prate med Høgre og Framstegspartiet. Punkt to er å snakke med Venstre og Kristeleg Folkeparti. Eg forventar at Venstre og KrF stiller seg i spissen og krev at heile forslaget blir reversert. Dette har vore ei god ordning retta mot distrikta, som me ynskjer skal halde fram.