STOLT BONDE: Ole Bjarne Hovland. 

 

- Garden har 100 dekar dyrka mark, og cirka 150 dekar innmarksbeite. Garden har også 40 000 dekar fjellbeite, men det gav ikkje den store økonomiske gevinsten før utbygginga av vassdraget. 

Ein kald haustdag i september tok Ole Bjarne Hovland (1.vara i styret til Sogn og Fjordane Bondelag) i mot  resten av fylkesstyret på heimgarden. Den aktive sauebonden har 140 vinterfôra sauer, i tillegg hentar han cirka 20% av inntekta gjennom utleige av fisk og jaktløyver i fjellet. 

- I fjellet er det tre hytter med 14 sengeplassar, i tillegg leiger eg også ut eit lite hus her i Naddvik gjennom sommaren. 

 

Ein gard med mykje historie

FYLKESSTYRET: Frå venstre står Anders Felde (leiar), Ole Ivar Åm Sognnes (nestleiar), Henriette Sunde (styremedlem), Nils Magne Gjengedal (styremedlem), Ole Bjarne Hovland (1.vara), Inge Brekke (2.vara), Kari Sigrun Lysne (styremedlem), Merete Støfring (organisasjonssjef) og Tor Arne Herstad (3.vara).  

 

- Min far kjøpte garden frå sin barnlause onkel i 1968, då hadde garden lege brakk i seks år. Garden var forfallen, og far og mor hadde mykje arbeid med å berge husa samt kjøpe buskap. 

Hovland fortel at det var dårleg med reiskap, med unntak av gråtassen som var kjøpt i 1952. Først i 1982 kom det veg til bygda, og tre år etter sto den nye driftsbygningen klar. Den kunne romme over 100 vinterfôra sauer, noko som vart rekna for å vera eit stort sauebruk på 80-talet. I tillegg vart det kjøpt inn kalvar til framfôring. 

- Far og mor dreiv garden saman til 2006, etter det tok eg over med god hjelp frå foreldra mine. 

 

Framtidsplanane

GLAD I JOBBEN SIN: Ole Bjarne Hovland. 

 

- Eine delen av driftsbygningen må fornyast, og det er laga teikningar for mellom anna ammeku.  Dette er ikkje finansiert, men eg ser på støtteordningar saman med landbruksrådgjevinga. Utfordringa er å få tilgang på meir fôr, då sauen et opp alt eg har i dag.  

Den mektige naturen rundt Hovland Gard gjer inntrykk. På dei høge fjella i Indre Sogn nyt sauene gode dagar om sommaren. Rundt 10. september kjem dei heim att, og beitar no areala nede ved sjøen. Samt delar av innmarksbeite.

- Framtidsutsiktene for sauenæringa her på garden ser eg lyst på, sjølv om det er utfordrande å auke produksjonen. Eg ser også stort potensiale i landbruksturisme på garden, men har ein del bygningsmasse som må utviklast. 

Den positive årdølen fortel at han i dag har grei inntekt, og nok å gjere på. 

- Ein kan vel ikkje ha det stort betre, avsluttar han smilande.