Heggheim er interessert i fjordingar.

 

- Moro å treffe folk og kjekt å sjå på maskiner, seier Vidar Heggheim.

Bonden frå Sogn og Fjordane ordna seg fri og reiste på Dyrsku`n for andre gong.

Heime i Naustdal driv han med mellom anna sau og hest.

- Eg brukar kjøpe litt ulike ting når eg er her. No har eg kjøpt litt innredning til hestane fortel han.

 

Dette er ein av hestane som var på Dyrsku`n 2014

 

Sosialt

- Det sosiale betyr mykje, eg treff jo folk frå andre stader i landet her.

Vidare legg han til at han har sett fleire frå Sogn og Fjordane. I fylgje Heggheim har helga vore bra, med kjekke folk og fint vær.

Kjem du tilbake neste år?

- Vanskeleg å svare på, men det er i alle fall ikkje usannsynleg.

 

Sjå video med Vidar Heggheim her:

https://www.youtube.com/watch?v=YjnJ_9C4fY8&feature=youtu.behttps://www.youtube.com/watch?v=YjnJ_9C4fY8&feature=youtu.be