Brita Skallerud sit i hovudstyret til Landkreditt SA, og vitja  medlemsmøtet i Sogn og Fjordane saman med organisasjonssjef Anders Sigstad. -Vi er eit samvirkeeigd finansforetak, og det skal våre medlemar dra nytte av, seier Skallerud. For å kunne gje dei beste vilkåra er vi avhengige av at våre medlemar brukar heile det spekteret av produkt vi har i banken. Skallerud og Sigstad trekk fram den gunstige innskotsrenta på 3,7 prosent som medlemar og bondelagsmedlemar får frå første krone ved å plassere pengar på "vekstkonto".

Gjeld- og kostnadsutvikling var eit tema på møtet. -Vi er råvareprodusentar, som ikkje har nokon å sende rekninga vidare til. Investeringsbehovet i landbruksnæringa er stort, og dette vert jo tydeleg erkjent i landbruksmeldinga. Landkreditt er opptekne av at bønder skal kunne få betre totalfinansiering, og at det må på plass betre investeringsverkemidlar, sa Skallerud. -Skal ein få fram vilja til å satse, trengs det tilgang på kapital som er billeg nok. Avkastninga i landbruket i dag er ikkje i samsvar med den kapitalen som vert krevd ved bruksoverdraging og utbygging, avslutta Skallerud.

Vil du vite meir om Landkreditt Bank kan du besøkje nettsidene.