PRIS: Inge Brekke får prisen av Landkreditt sin styreleiar Knut A. Nordmo.

 

- Det er ei stor ære, kjekt at dei ser at eg prøver å gjere ein god jobb. 

Brekke er årsmøteutsending for Landkreditt i Sogn og Fjordane. Han er også 2.vara i Sogn og Fjordane Bondelag. Prisen kom overraskande på.

- Det er kjekt å sjå at innsatsen min vert lagt merke til. 

 

Grunngjevinga frå juryen: 

«Inge har gjennom mange år vist stort engasjement for Landkreditt. Der er difor ikkje berre det siste året som er lagt til grunn for denne tildelinga, men ein fleirårig innsats som engasjert og dyktig tillitsvald. Inge arbeidar sjølvstendig og godt, og er ein aktiv representant for Landkreditt. Han stiller opp i mangeulike samanhengar i sin region gjennom året. Inge er ein stødig og trygg årsmøterepresentant som går framom som eit godt døme for korleis eit slikt verv bør utførast!»

 

Sogn og Fjordane Bondelag gratulerer!