- Cirka 33% av dei spurde hadde aldri vore på Matamål før fortel  Sigmund Vereide, festivalsjef på Matamål.

Analysen byggjer på svara frå 75 mennesker i aldersgruppa 5-88 år. Ifylgje Vereide var det oppsiktsvkkkjande at så mange debutantar tok turen innom festivalen siste helga i september.

- Eg tykkjer det er ekstra imponerande sidan regnet hølja ned.

 

Kjem frå ulike stader i fylket

- Folk kom mellom anna frå Jølster, Førde, Eid og Lavik. Tala syner at rundt 10% av dei spurde kom frå andre kommunar enn Gloppen, seier Vereide.

Kor stas er det at folk kjem frå andre stader?

- Det er veldig moro. Matamål byrjar byggje seg opp til å bli ein fylkesfestival, det er kjekt å sjå.

 

Utvikling 

- Matamål har utvikla seg mykje på dei fem åra me har halde på.

Ifylgje Vereide har både antal stands og besøkjande auka jamnt og trutt, spesielt dei to siste åra.

- Eg set pris på at festivalen veks, men samtidig er den ikkje så stor at me gløymer å ta vare på sjela og kvaliteten til festivalen.

Kan festivalen bli for stor?

- Vanskeleg å seie. Målet er ikkje å vera størst, men å vera den beste marknadsstaden. Både  for dei som sel varer og for alle dei besøkjande som tek turen.