For Sogn og Fjordane er det svært viktig, at det vert høve til å kunne nytte prosenttoll i tråd med endringane som vart innført 1. januar dette året.  Det vil vere avgjerande for matprodusenten sitt høve til å kunne hente inntekt frå marknaden, held Hilleren fram.  Signala frå Høgre om å reversere den såkalla ostetollen har vakt sterke reaksjonar hos matprodusentane i fylket.  I Stryn har matprodusentane fått tilslutning frå Formannsskapet i Stryn kommune til eit opprop til styresmaktene.  Oppropet har følgjande innhald:

Til

Den Norske Regjering,  Statsminister  Erna Solberg,  Europaminister Vidar Helgesen, Landbruksminister Sylvi Listhaug

 

Endring av importtoll på ost, storfe og lammekjøt.

Bøndene i Stryn er svært uroa over signal om at regjeringa vil legge om og svekke tollvernet på ost, storfe og lammekjøt. Ei svekking av tollvernet vil redusere bøndene sine inntektsmoglegheiter gjennom prisuttak i marknaden. Dette kan gje store utslag, særleg i grasdistrikta der mjølk og mørkt kjøt er bærebjelken. Med ein topografi som tek bort stordriftsfordelane vil vestlandet verte særleg hardt råka. Svekking av inntektsgrunnlaget i ei næring som også i dag har svak inntening, vil få dramatiske konsekvensar med omsyn til rekruttering og nedlegging av gardsbruk.

Ein ser alt i dag at tungdriven jord går ut av drift, og bruken av utmarksbeite er på retur. Vi fryktar at denne trenden vil akselerere.Denne utviklinga svekker Noreg si evne til å halde oppe norsk matproduksjon basert på norske ressursar, og er ikkje i tråd med måla i Landbruks og matmeldinga. Vi fryktar på sikt for avfolking av bygdene, redusert verdiskaping i primærproduksjon og vidareforedling, tap av arbeidsplassar og kulturlandskap.  Gjengroing og tap av kulturlandskap vi ha store negative effektar for reiseliv og turisme, som og er ei viktig næring i Stryn og på Vestlandet.

Med bakgrunn i desse argumenta, vil vi be regjeringa om å  ikkje  gjere endringar i tollvernet  for ost, lamme og storfekjøt.

Stryn 28.11.2013

For Bondelaga i Stryn                             Bjørn Rørtveit   (sign)

Stryn Bonde og Småbrukarlag             Ingolf Folven    (sign)

- Eg tykkjer det er flott at det kjem eit engasjement frå grasrota ute og at politikarane i kommunar som Stryn ser kor viktig landbruket er for kommunen.  Dette er ei så viktig sak at ho verkeleg treng eit engasjement som syner at regjeringa er på feil tankar i denne saka, avsluttar Hilleren.