- Eg er glad for at vi har ein ordførar i kommunen som bryr seg om landbruket, og eg håpar han kan gjere sitt til å medverke til at meldinga ikkje berre vert fagre ord, seier Norddal.  Han siktar til ordførar Arve Helle frå Arbeidarpartiet som også var til stades på medlemsmøtet på Straumsnes sist veke der jordbruksforhandlingane var tema.  Arbeidarpartiet sit med finansministeren og med Statsministeren, og då sit dei også med nøkkelen til eit godt jordbruksoppgjer held Norddal fram.

Leiaren i det lokale Bondelaget er også tydeleg på at Norges Bondelag må prioritere distrikta ved årets forhandlingar.  Både meldinga og andre dokument syner at distriktslandbruket treng eit økonomisk løft.  Særleg er utviklinga på Vestlandet uroande, held Norddal fram.  Meldinga peikar på dette, og det er viktig at det kjem økonomisk påfyll på verkemidlane som kan betre denne utviklinga.  Han fekk full støtte frå ein engasjerte medlemer på møtet på Straumsneset.

Leiaren i lokallaget kvir sge ikkje for å halde ordføraren i heimkommunen litt i øyra og minne han på at han må stå på for landbruket i kommunen.