Det var godt oppmøte med 19 medlemmer.   Årsmøtesakene gjekk kjapt unna.   Leiaren kunne melde at laget fekk 1. premie i prosent vis auke i medlemmer ifjor.  - Eg fekk halde ei utvida presentasjon av meg sjølv og mi sauedrift før me diskuterte mjølk, klima, rovdyr pakka og samanslåing med Hordaland., seier Hovland.    Ein engasjert møtelyd, der mange tok del i diskusjonen kring dei ulike tema.    Uro kring mjølk og korleis me klarer å snu den auka importen, samanslåing med Hordaland var heller ikkje populært, tener me noko på de?   Da kom tydelege meldingar om at  me må få til eit styre i de nye Vestland Bondelag som ivaretek alle bøndene i heile det vidstrakte fylket frå brekanten i Veitastrond til fjæra i Solund,  frå Stadt til Sveio.     Det vart også ein del diskusjon kva me gjer med rundballplast.  Vi kan ikkje får ein situasjon der me som bur langt frå mottak får mykje større kostnader enn sentralt strøk også på dette feltet.   Lokallagsstyret fekk i oppgåve å jobbe vidare med saka og dette er også ei sak vi må engasjere oss i på fylkesnivå.

Kjekt med stort engasjement og gode diskusjonar

Styret i Veitastrond Bondelag f.v.: Anne Kari Herlofsen Nes, Bjarte Nes, Jimmy Hilleren ( Leiar) og Arild Nes . Ikkje til stades :Silje Christine Indrebø Nygård

- Til slutt var de servering av den beste rømmegrauten eg har smakt +lofsekling, lokalt produsert sjølsagt, avsluttar ein oppglødd og engasjert utsending frå fylkeslaget.