Årsmøtet i Flora Bondelag vart skipa til i Standal skule i slutten av oktober.   Det var godt oppmøte og store breidde i tema i debatten, seier fylkeslaget sin representant i årsmøtet Nils Magne Gjengedal.  Mellom anna er nokon av medlemene opptekne av grunneigarretten til sjølaksefiske.  Ein opplever at Bondelaget jobbar mykje for eleveigarane, så i møtet vart det sagt at bondelaget må balansere saka betre, då ein også har medlemer med grunneigarrettar i havet.   Mellom mange tema som var oppe vil eg nemne  handtering av landbruksplast med ynskje om ein fast oppsamlingsplass og kurs i varme arbeid, held Gjengedal fram.

Jon Valur Olafsson ny leiar

Det hadde synt seg vanskeleg å få nye styremedlemer så spørsmålet om eventuell samanslåing med andre lag i kommunen hadde kome opp som tema.  Det vart førebels "lagt på is" og Jon Valur Olafsson tok over leiarvervet etter Leidulv beverli Stavø.   På arbeidsplanen komande arbeidsår står Open Gard, sommartreff og julebord saman med dei andre laga i kommunen

 

Styret i Flora Bondelag: F.v. Herborg Melvær, Jon Valur Olafsson, Øyvind Mjønerud, Andre Espeseth og Leidulv B. Stavø