Opptekne av sjølaksefiske

Publisert 12.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- For oss er det viktig å presisere at mange grunneigarar langs kysten har rettar knytt til sjøfiske av laks. Bondelaget må verte flinkare til å balansere seg når ein uttalar seg om laksen for her har ein også medlemer med rettar i havet, vart det mellom anna sagt i årsmøtet i Flora Bondelag.

Årsmøtet i Flora Bondelag vart skipa til i Standal skule i slutten av oktober.   Det var godt oppmøte og store breidde i tema i debatten, seier fylkeslaget sin representant i årsmøtet Nils Magne Gjengedal.  Mellom anna er nokon av medlemene opptekne av grunneigarretten til sjølaksefiske.  Ein opplever at Bondelaget jobbar mykje for eleveigarane, så i møtet vart det sagt at bondelaget må balansere saka betre, då ein også har medlemer med grunneigarrettar i havet.   Mellom mange tema som var oppe vil eg nemne  handtering av landbruksplast med ynskje om ein fast oppsamlingsplass og kurs i varme arbeid, held Gjengedal fram.

Jon Valur Olafsson ny leiar

Det hadde synt seg vanskeleg å få nye styremedlemer så spørsmålet om eventuell samanslåing med andre lag i kommunen hadde kome opp som tema.  Det vart førebels "lagt på is" og Jon Valur Olafsson tok over leiarvervet etter Leidulv beverli Stavø.   På arbeidsplanen komande arbeidsår står Open Gard, sommartreff og julebord saman med dei andre laga i kommunen

 

Styret i Flora Bondelag: F.v. Herborg Melvær, Jon Valur Olafsson, Øyvind Mjønerud, Andre Espeseth og Leidulv B. Stavø

 

 

 

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

- Me jobbar for å finne løysingar

- Me jobbar for å finne løysingar

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Nettundervisning

- Det er ein spesiell situasjon

Sigbjørn Norddal er elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har elevane nettundervisning grunna koronaviruset.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Våre samarbeidspartnere