Den nye nye landbrukssjefen i Sogndal, Sigmund Havn, var invitert til årsmøtet i Sogndal Bondelag for å seie noko om kva faktorar som må med i vurdering av landbruksforvaltninga i nye Sogndal kommune.  Det ser ut til å verte ei felles lokalisering med tekniske tjenester med eit tett samarbeid mellom jord-skog-miljø-vilt.  KOMPETANSE-KOMMUNIKASJON-KONTINUITET vil vere viktige faktorar for å lukkast i forvaltninga av landbrukssaker.  Då må nye Sogndal landbrukskontor få tilstrekkeleg med ressursar meinte både medlemene i Sogndal Bondelag og landbrukssjefen.

Den nye landbrukssjefen la ellers vekt på at han ikkje ynskte å sitja oppe i systemet, men nærast mogleg bonden.   Dette er litt i motsetnad til kva Bondelaga i den nye kommunen meiner.  Dei ynskjer ein landbrukssjef som sit nærme rådmannen der mykje av premissane for avgjerder vert lagt. 

Styret og vara i Sogndal Bondelag: F.v. Andrine Lågeide Midthjell. Kjetil Hilleren, Ottar Husum, Helge Ruud, Jostein Flatland, Eirin reppen Fretland og Magne Seleng.

Uansett plassering av forvaltning og tal tilsette på landbrukskontoret så må dei 4 bondelaga i Sogndal, Fjærland, Leikanger og Balestrand opprette eit oppegåande samstyre slik at dei kan samarbeide godt i saker som skal handsamast i den nye kommunen.  Styret i Sogndal Bondelag er innstilt på å få til eit godt samstyre.