LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- I deler av fylket har tørken ført til særs dårlege avlingar, spesielt i indre Sogn. I tillegg er mindre områder hardt råka, områder med tørkesvak jord og områder der det allereie var mykje vinterskada eng.  

Totalt gjev dette Sogn og Fjordane vesentleg mindre grovfôr enn det ein har i eit normal år fortel Anders Felde. 

- No er det difor viktig at flest mogeleg gjødslar opp enga si etter andreslåtten, for å hauste ein tredje gong. Dette er viktig. Om ein ikkje treng fôret sjølv, kan det selgast til dei som treng det. 

 

Ikkje eit tidspunkt å tjene seg rik

- Eg håpar dei som ynskjer å selge fôr held prisane på eit lågt nivå,  og ikkje utnyttar andre si ulukke. 

Felde forklarar at for dei som manglar store mengde fôr er det viktig og rimeleg å få tak i luta halm. 

- Spesielt er det tilgjengeleg halm i Trøndelag. Det er mange ulike løysingar for å tinge halm no. Ein kan mellom anna sette seg opp på lister både hjå Felleskjøpet og Norsk Landbruksrådgjeving

 

Her finn du informasjon om fellesfinansiert rådgjeving.