Fleire gardar har i dag tilleggsnæringar til gardsdrifta, og for mange er dette knytt til reiseliv og lokalmatproduksjon. Dei nasjonale restriksjonane som vart innført som følgje av korona, har råka mange. Spesielt dei med tilleggsnæring innan lokalmat og reiseliv har opplevd stor omsetnadssvikt.

Som eit tiltak for å stimulere til meir direktesal, skal det no bli mogleg å delta gratis på Bondens Marked og andre salsmesser for lokalmat. Bondens Marked og andre salsmesser kan søkje Innovasjon Norge og Utviklingsprogrammet om støtte for å dekke deltakarkostnadar. Dette kjem frå landbruks- og matdepartementet som følgje av påtrykk frå Norges Bondelag. Føremålet er å gje produsentane ei moglegheit til å delta på messer gratis eller til redusert pris.

Andre tiltak som skal lette situasjonen for denne målgruppa er justeringar som har kome i forbinding med IBU-ordninga. Dette dreiar seg om:

  • Avdragsutsetjing på lån for dei som har lån gjennom Innovasjon Norge
  • Moglegheit for auka tilskotsandel (for dei som søkjer bedriftsutviklingsstønad over IBU-ordninga)
  • Auka fleksibilitet innanfor Utviklingsprogrammet for å møte utfordringane som følgje av korona
  • Oppretthalding av stønad til regionale matfestivalar, sjølv om dei ikkje kan gjennomførast på vanleg vis i år.

Vidare har regjeringa sett av 600 millionar kroner til kommunale næringsfond for å støtte lokalt næringsliv i distriktskommunar. Midlane kan mellom anna nyttast til direkte bedriftsstønad eller tilretteleggjande stønad. Kommunane skal løyve pengar til tiltak som dei meinar er særskilt viktige for å motverke dei negative konsekvensane av korona. Mellom anna vil midlane vere viktige for små reiselivskommunar i distrikta, og på denne måten kan midlane òg vere aktuelle for tilleggsnæringane i landbruk.