Opna gardsvarmeanlegg
- Det er viktig å kunne nytte alle ressursane på bruket, sa Grim Erik Gillestad som tidolegare denne veka inviterte til offiesiell opning av gardsvarmeanlegget på garden sin.
Opninga av flisfyringsanlegget til Grim Erik Gillestad i Gaular vart kombinert med ein fagdagom bioenergi. 37 personar deltok på samlinga, og fekk informasjon om bruk av flis som energikjelde i gardsvarmeanlegg, samt ei praktisk omvisning på anlegget til Gillestad. Stortingspolitikar Erling Sande innleia med å rose skogsråstoff som energikjelde, peika på moglegheiter ved bruk av flis som fornybar energi og støtteordningar til bioenergisatsingar.
John Geir Sperle frå Sogn Biovarme, som sjølv har investert i eige anlegg, fortalte detaljert om kva utfordringar og valg ein vil møte på under utbyggingsfasen. Grim Erik Gillestad dokumenterte i ein flott biletserie dei ulike fasane og utfordringane oppbygginga av flisfyringsanlegget sitt. Nordiske Industriovner som er leverandør av anlegget leverte ein fagleg presentasjon om flisfyring, anlegg og fliskvalitet.
Ordførar i Gaular Mathias Råheim og fylkesvaraordførar Jenny Følling strekte snora medan Erling Sande klypte den og opna anlegget offisielt. Råheim orienterte vidare om skogbruket i kommunen, og potensialet som ligg i skogressursane i Gaular.
I tilegg til det faglege er slike fagdagar ein arena for å treffe andre med interesse for bioenergi. Prosjektleiar for bioenergiprosjektet Arnt Laukeland uttrykte til sist takk til Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som ved si medfinasiering i bioenergiprosjektet gjer slike fagdagar mogleg.