For snart to år sidan tok Oddgeir Kvamsås i bruk den nye delen av fjøsen sin. Her har han 44 mjølkekyr, og den gamle delen av bygninga husar om lag 30 ungdyr og kalvar. Mange arbeidstimar og kroner er lagt inn, men Kvamsås er glad for det valet han tok. -Eg har fått ein annan arbeidskvardag, seier han. Det daglege stellet går lettare, og eg merkar at dyra trivast. Prosjektleiar for mjølke- og storfeprosjektet, Jo Helge Sunde, er med Førde Bondelag på årsmøtet, og tek fram tal og grafar som syner korleis det går med mjølkeproduksjonen til Kvamsås etter investeringa. -På tre år har Oddgeir auka produksjonen med nesten 100 000 liter, seier Sunde. Kviger som har kalva det siste året har ein snittproduksjon på 29 liter per dag, eg er imponert, held han fram. Jo Helge Sunde meiner at nøkkelen til å lukkast handlar om gode rutiner, og få inn fôr av god kvalitet. Dessutan må ein nytte kapasiteten ein har skaffa gjennom investeringa. -Har ein bygt ein fabrikk, kan ikkje halve stå tom, illustrerer Sunde.

Per Ravndal sit og i styret til Førde Bondelag, og driv med mjølkeproduksjon. Han stod ved eit vegval, anten satse vidare eller slutte med mjølk. -Det sat langt inne å gje seg, seier Ravndal. Han leigde meir kvote, og rusta opp med mellom anna nytt mjølkeanlegg og kraftfôrvogn. -Eit godt døme på at også mindre investeringar kan gje gode resultat, seier Jo Helge Sunde.

Dei aller fleste som investerer kjem godt ut av det, men det er store variasjonar i økonomi. -Økonomi er kopla mykje med volum. Når investeringa er gjort og fjøsen står der, må ein ta konsekvensen av det og gjere jobben, avsluttar Sunde.

For å få fram kyr med høg avdrått, må god og riktig fôring tidleg vere i fokus.