Dei nye parkeringsplassane har informasjonstavler som opplyser om parkeringsavgift, turtereng og vurdering av skredfare. (FOTO: Trude Lien).

 

- 4.februar opna me fire nye toppturparkeringsplassar, fortel Solfrid Trå i Jølster kommune. 

Prosjektet med å realisere parkeringsplassane skjedde grunna velvillige grunneigarar som stilte gratis areal til disposisjon. Prosjektet har også fått midlar frå Fylkeskommunen, Jostedalsbreen nasjonalpark og Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.  

- Fire toppturparkeringsplassar er på plass, men målet til kommunen er at fem til skal stå klare når neste vinters topptursesong startar, seier Trå. 

 

Vellukka opning

Det var god stemning under opninga. (FOTO: Trude Lien).

 

- Det var ein veldig fin opning, seier Solfrid Trå. 

Trå fortel at mellom 30-40 mennesker møtte opp, og at ho fekk mykje gode tilbakemedlingar. 

- Det var veldig kjekt.