Under arrangementet vil det vere mange gardsrelaterte aktivitetar for både born og vaksne. Her finn du mellom anna mange kjekke dyr som du kan helse på, traktorar, høyhopping og rundballespringing. Det vert også kiosksal ved Hestehoven 4H, og to Tine-ambassadørar stiller på med eit utval smaksprøver frå Tine sitt sortiment.

Butikken i Tore-Garden er open med mange gode tilbod denne dagen.

Parkering vil skje langs vegen inn mot Monsgarden.