Open Gard fungerer godt i Flora
- Vi har eit godt samarbeid med dei to andre laga i Flora. Ved å skifte på å ta ansvaret for Open Gard klarar vi å gjennomføre tilskipinga kvart år i kommunen vår, seier leiar i Flora Bondelag Leidulv B. Stavø
I 2018 hadde Flora Bondelag ansvar for Open Gard, som trass i dårleg ver hadde godt besøk. Tilskipinga var på Askrova. Elles samarbeider dei tre laga i eit samstyre der dei planlegg og gjennomfører både sosiale tilskipingar og inviterer til møte med politikarar. På arbeidsplanne for komande år står arbeid med hjorteforvaltning, bondekafe, veterinærordning og medlemsverving. Leidulv Beverli Stavø held fram som leiar i Flora Bondelag.
F.v.: Andre Espeseth (Nestleiar), Halvar Espeseth (vara), Herborg R. Melvær (Styremedlem), Leidulv Beverli Stavø (leiar), Øyvind Mjønerud (styremedlem) og Hjørdis Svotevik (vara)