- Det vert mellom anna quiz, aktivitetar med hest og open gardsbutikk. Vidare kan ein gå på minikurs, ansiktsmåling og vera med med på konkurransar, fortel elev Ragna Kronstad. Ho har teke permisjon frå jobben sin i Bondelaget for å gå på skule i Aurland.

Laurdag 1.november arrangerer Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) open dag. Arrangementet byrjar klokka 10.00 og held fram til 16.00. Målet er å bidra til og redde Norge sin einaste økologiske landbruksskule.   

- Skulen er veldig viktig. Om me skal ha økologisk mat i Norge, må me utdanne agronomar som kan dyrke maten økologisk. Dessutan bidreg skulen sterkt til berekraftig næringsutvikling i regionen.

Ifylgje Kronstad vil fylkesmannen bidra med 60 prosent av kostnadane til naudsynt utbygging, for at skulen skal fylgje offentlege krav. Resten må dei skaffe sjølv.

- Det er ganske akutt, målet er å samle inn 12 millionar kroner før jul.

Planen er å samle inn resten til neste år.

 

For meir informasjon, klikk her.

 

Fryktar stengde dører

- Skulen kan bli lagt ned om me ikkje skaffar nok pengar.

Difor håpar Kronstad at folk frå heile fylket vil vera med å støtte skulen.

- Små summar eller store summar, alt hjelper.

No håpar ho at open dag blir ein suksess.

- Eg håpar alle som kan kjem på open dag. Me prøver å gjere det slik at folk kan støtte oss, samtidig som dei får noko att. No jobbar me for å gje folk ein fantastisk fin dag 1. november.

 

For meir informasjon om open dag, klikk her.