Fylkesleiar Per HillerenTrass i ei brukande utvikling siste året så er framleis ikkje bøndene i nærleiken av å tene like mykje som andre grupper. Difor må det til eit inntektsløft, viss føresetnadene om å auke matproduksjonen skal bli oppfylt.

- Det er avgjerande at staten føl opp med verkemidlar viss vi skal klare å oppfylle målsettingane i landbruksmeldinga om å auke matproduksjonen med éin prosent årleg dei neste 20 åra.  Med bakgrunn i Budsjettnemnda sine tal ser eg med spaning fram til årets jordbruksoppgjer, seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane.

Dei siste ti åra har landbruket hatt ein vekst i arbeidsproduktiviteten på over seks prosent per år.   Sjølv om vi blir meir og meir effektive,  kjem dette ikkje næringa til gode. Dette kan ikkje halde fram seier Hilleren.  På vegen mot ein stadig aukande effektivitet risikerer vi også å miste nokon av verdiane i landbruket, seier Hilleren, som også seier at det er ei grense for kor få bønder vi kan bli om vi skal greie å auke matproduksjonen basert på det arealgrunnlaget vi skal produsere maten på.

Budsjettnemnda for jordbruket legg fram talmateriale som dannar grunnlaget for jordbruksforhandlingane. Som resultatmål vert brukt vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk.  Eitt årsverk er 1845 timar.

Ut frå talmaterialet vil partane starte arbeidet med krav og tilbod. Jordbruket sitt krav skal lveerast til staten fredag 27. april, medan staten sitt tilbod skal kome måndag  7. mai. Jordbruksforhandlingane skal vere ferdige onsdag 16. mai.

Les meir:
Grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingene klart, Nilf