Rovviltnemnda som fungerer i region 1 i denne perioden er den tredje rovviltnemnda sidan rovviltforliket i 2004 - Eg opplever nemnda som aktiv og interessert i det arbeidet og den forvaltninga dei er sett til å ha ansvar for, held Flatjord fram.  For småfehaldarane i Sogn og Fjordane er det viktig at vi har ei nemnd som i si forvaltning sikrar region 1 som eit heilskapleg beiteprioritert området i tråd med det stadfesta rovviltforliket frå 2011.  - Etter mitt syn er det slik at i denne regionen skal tiltaka først og fremst setjast inn mot rovviltet og ikkje mot beitedyra.  Rovviltnemnda sit på mykje politisk kunnskap og fleire av medlemene i nemnda har etterkvart opparbeidd seg ein større kunnskap om rovviltpolitikken og rovviltet noko som kom til uttrykk i møtet i Sogndal.

Rovvitlnemnda i region 1 har mykje politisk erfaring. F.v. Sveinung Valle, fylkesleiar i Hordaland Ap, Oddny Omdal, medlem i fylkesutvalet i Vest-Agder for Krf, Sveinung Stensland, fylkesleiar i Rogaland Høgre, Marit Barsnes Krogsæther, sit for Venstre i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane og Noralv Distad, sit for H i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane