Personar på bilde (frå v.): Anders Felde, Sigurd Reksnes, Kjetil Mehl, Cecilie Bjørlo og Lars Bø. Foto: Lars Peter Taule.

 

Gjennom Landbruksrådet har landbruksorganisasjonane ein møtestad og eit kontaktforum der dei kan ta tak i felles utfordringar.

Føremålet med landbruksråda er å fremje dei felles interessene til landbruket i regionen. I vedtektene står det at Landbruksrådet skal vere ein arena for læring, nettverksbygging og koordinering for tillitsvalde og tilsette på regionalt nivå. Rådet skal også drive med samfunnskontakt og delta i utvikling av grøn næring og bruk av regionale verkemidlar.

I arbeidsmåla for 2018-19 legg Landbruksråd Vestland mellom anna vekt på politisk arbeid for å sikre matproduksjon og auka verdiskaping for landbruket på Vestlandet. Dei vil også arbeide for at Vestlandet opprettheld forskings- og utviklingskompetanse innan frukt, bær og grovfôrdyrking. Grøn kompetanse og brukarretta forskingsprosjekt står høgt på lista.

Eit anna felt som engasjerer Landbruksrådet, er rekruttering og opplæring av tillitsvalde. I år legg dei ekstra ressursar i å auke talet kvinnelege tillitsvalde i næringa. I det høvet arrangerer dei eit Kvinneseminar for kvinnelege tillitsvalde 29.-30. oktober på Voss.

 

Medlemene i det nye arbeidsutvalet vart valde i rådsmøtet 17. oktober på Scandic Kokstad

Leiar: Cecilie Bjørlo, Tine
Nestleiar: Lars Bø, Felleskjøpet Agri
Lidvin Haga, Nortura
Bengt Drageseth, Vestskog
Jarle Helland, Småbrukarlaga
Sigurd Reksnes, Norsk Landbruksrådgiving Vest
Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
Kjetil Mehl, Hordaland Bondelag