Fylkesmannen sende den 20.12.2017 forslag til ny forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk i Sogn og Fjordane på høyring. Høyringsfristen var 20.02.2018, og det kom seks høyringsinnspel.

Etter ei heilskapleg vurdering har vi kome til at dei positive effektane av regelendringane, spesielt for sjøaure, er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Hovudendringar i den nye forskrifta:

  • I utvida munningssone er fiske etter anadrome laksefisk frå land berre tillate i den tide det er ope for sjøaurefiske i det strengast regulerte vassdraget innanfor. Dette er i samsvar med nasjonale reglar.
  • I utvida munningssone er det ikkje tillate å fiske anadrome laksefisk frå båt.
  • I utvida munningssone er det berre tillate å dorge etter marine fiskeartar i perioden 1. oktober til 1. mars.
  • I utvida munningssone er minste avstand til grensa mellom elv og sjø for yrkesfiske med not auka frå 100 til 500 meter.
  • Påbodet om nedsenking av garn i perioden 1. mars til 30. september er utvida til å gjelde alle maskevidder.
  • Det er innført ei fredingssone utanfor Kraftverk 5 i Høyangsfjorden og utanfor Svelgen I og II i Svelgen.
  • Munningssona utanfor Loelva er utvida slik at heile Engagrunnen vert innanfor grensa.

 

Det skriv fylkesmannen på sine nettsider.