Sommaren 2018 kom det nye ensileringskanner på marknaden, og fleire bønder har reagert på at dei nye kannene er uråd å sjå nivået på ensileringsvæska.

Jan Håvard Kongsrød forklarar Felleskjøpet gjekk over til nye kanner fordi dei har betre stabilitet under transport og lagring/stabling på kvarandre, noko som reduserar faren for kvelving. Difor gjekk dei over til den nye typen då dei produserte kannene for sessongen 2018 i løpet av hausten 2017.

Hugs å ha tilgjengeleg vatn og verneutstyr når du handterar ensileringsvæske.

Sommaren 2018 vart dei gjort merksame på at kannene hadde i overkant mykje fargestoff i seg og at det difor var vanskeleg å sjå nivået under bruk. Dette vart tatt opp med kanneprodusenten seinsommaren 2018, og kannene som er produsert og tappa for sesongen 2019 har blitt produsert med eit redusert nivå av fargestoff slik at det igjen skal bli råd å sjå nivået i kannene. I fargestoffet som er brukt ligg UV-stabiliseringa som er naudsynt for å unngå at kanna skal brytast ned ved lagring utandørs. Dei kan difor ikkje redusere nivået på fargen ytterlegare då det vil auke faren for at kanner sprekk eller smuldrar opp etter nokre års lagring.

I og med at det er krevjande å balansere produksjon og salet 100 %, kan det i ein periode framleis vere kanner frå 2018 sesongen i omlaup, men sentrallageret er tomt for dei gamle kannene så dette vil vere eit forbigåande problem.