I samarbeid med Norges Bondelag og LVK (Landssamanslutninga for vassdragskommunar) har Advokatfirmaet Lund & Co under leiing av advokat Ulf Larsen, utarbeidd to heilt nye standardavtalar for småkraft. Avtalene erstatter dei tidlegare "Lillekraft-avtalene". Norges Bondelag har delteke aktivt i utforminga av avtalene, særleg representert ved prosjektleiar Terje Engvik. Dertil har to av Bondelaget sine advokatar har følgd prosessen tett.

Dei nye standardavtalene representerer ei forenkling av avtaleverket og ajourfører samtidig avtaleinnholdet i tråd med den raske utviklinga ein har hatt i småkraftnæringa.

Bondekraft-avtalen

Den første avtalen ("Bondekraft-avtalen") er utarbeidd til bruk for falleigarar som ønsker å bygge og eige eit småkraftverk i eigen regi.  Avtala regulerer alle fasar av prosessen; planlegging, fallrettsutleige, avtalevilkår gjennom driftsperioden og avslutninga av avtaleforholdet. Falleigarar som er godt i gong med planlegginga, men som ikkje har skrive fallrettsavtale enno, kan bruke dei delane av standardavtalen som passar. Avtala fangar også opp tilfella der ikkje alle falleigarane ynskjer å vere med på å eige kraftverket.

Utleige-avtala

Den andre avtalen ("Utleige-avtalen"), dekker tilfella der falleigarane ynskjer å leige ut fallretten til eit samarbeidsselskap, anten i form av rein utleige eller i kombinasjon med delt eigarskap i kraftverket. I slike tilfelle vil ofte samarbeidspartneren ha sine eigne avtalemodeller som vert presentert for falleigarane. Standardavtalen vil då ha ein viktig funksjon når falleigaren skal vurdere tilbodet frå samarbeidspartneren og inngå forhandlingar om ei endeleg avtale.

Trygt og kvalitetssikret

Standardavtalene er døme på trygge og kvalitetssikra avtaler for partane. Dei forskjellige avtalesituasjonene vil alltid variere, og i marknaden finst det mange forskjellige avtalevarianter. Difor må standardavtalene alltid tilpassast den konkrete situasjonen for avtaleforholdet - med aktuelle tilføyingar, strykingar eller omredigeringer. Det vert anbefalt sakkunnig bistand og juridisk assistanse før dei endelege avtalene vert utarbeidde og signerte..

Standardavtalene Bondekraftavtalen og Utleigeavtalen er gratis tilgjengelege for medlemene i nettbutikken.