Sogn og Fjordane er i dag ein eigen vasseregion, inndelt i dei 4 vassområda Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I samband med etablering av nye Vestland fylke, skal Sogn og Fjordane vassregion slåast saman med Hordaland vassregion frå 1.januar 2020. Vi får då ein region som omfattar 43 kommunar, fordelt på 9 vassområder.

Høyringskonferansen tok utgangspunkt i dei nye plandokumenta for perioden 2022-2027. Her kan ein komme med høyringsinnspel innan 30.juni.

Merete Farstad frå Nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune orienterte på møtet om vassforvaltingsplanen og kva den inneber. Vassforvaltingsplanen skal sikre heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet vårt, alt frå bekkar og elver til innsjøar, fjordar og kystvatn. Planen skal fornyast kvart 6.år, slik at ein får revudert og oppdatert dei ulike tiltaka som blir iverksatt for å oppnå miljømåla i planen. Minstekravet frå EU er at ein skal ha god økologisk tilstand og god kjemisk tilstand i vatnet som miljømål, med unntak av dei plassane der dette ikkje er mogleg å oppnå.

Merete Farstad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune orienterar om ulike påverkarar.

 

Kva har landbruket i Sogn og Fjordane å seie for vatnet?

Basert på vassprøvar, biologisk prøvetaking og problemkartlegging har vassområdekoordinatorane arbeidd med områder med ein viss storleik på landbruk og avløp. Alle resultata frå undersøkingane deira er lagt inn i Vann-nett, ein portal der ein kan få oversikt over alle vassførekomstar i landet og ulike påverknadar. Vassområdekoordinatorane ser at i mange områder kan det påvisast påverknad frå landbruk og avløp, men mesteparten av dette er på eit nivå som kan seiast å vere berekraftig, dvs. ingen betydningsfulle endringar i vatn og økosystem er merka. Samtidig har dei òg kartlagt ein del vassdrag der avløp og/eller landbruk utgjer ei utfordring, og fører til dårleg miljøtilstand.

Vassområdekoordinatorane ser òg at strukturendringa i landbruket med færre og større driftseiningar og mykje leigejord fører til ei meir konsentrert gjødselspreiing på areal nærast hovedbruket, og dermed meir avrenning.

Vassområdekoordinator Staffan Hjohlman orienterte om påverknad frå avløp og landbruk.

For å avgrense påverkinga frå avrenninga, konkluderar vassområdekoordinatorane at spreietidspunkt, gjødsellagerkapasitet og kantsoner er viktige faktorar. Kravet om kantsoner må etterkommast då dette tar av for den verste avrenninga, og god gjødsellagerkapasitet gjer til at ein kan oppbevare gjødsel og spreie den på mest gunstig tidspunkt framfor å måtte spreie når lageret er fullt.  Her kan òg ulike støtteordningar frå både nasjonale føringar og regionalt miljøprogram vere til hjelp. Fylkesmannen og fylkeskommunane jobbar no med å utvikle verktøy for å finne areala med størst risiko for å ureine vassdraga, slik at det vil vere lettare å setje inn konkrete tiltak der dette er naudsynt.