Den nye samvirkelova trer i kraft 1. januar 2013. I tilknytning til landbruket finst det i dag ei rekkje små organisasjonar som fyller diverse samarbeidsbehov, som til dømes beitelag, vêr-ringar, sankelag eller grunneigarlag. Funksjonen og eksistensretten til alle desse er ulike. Det kan vere alt frå å ha tilgang til organisasjonsnummer ved søknader om produksjonstilskot, til å ordne ei kostnadsfordeling på ein tenleg måte, eller til å fungere som ein kanal for felles omsetjing av jaktrettar. Felles for svært mange av desse einingane er at dei i dag er registrerte som BA.

-Innan 1. januar 2013 må ein melde endring frå BA til anna organisasjonsform, seier avdelingssjef ved Regnskap og juridisk service, i Norges Bondelag, Arnstein Tveito. BA som ikkje er meld endra innan denne datoen vil verte sletta. Om ein sit med ei eller anna form for samarbeid som i dag er organisert som BA, har ein valet mellom å omdanne føretaket til eit SA, slette føretaket og organisere seg i ei anna form, eller ikkje ha ei formell organisering av samarbeidet. -Det finst ingen fasit på kva som er "riktig", valet av føretaksform er avhengig av kva ein ønskjer med organisasjonen, seier Tveito. Laget må ut frå sin situasjon avgjere kva form ein skal velje. -Om ein er i tvil, kan ein ta kontakt med rekneskapsførar, oppmodar Tveito.

Les meir på Samvirkesenteret si heimeside, eller Bondelaget sine artiklar "valg av organisasjonsform" og "overgang frå BA til SA"

Dei som i dag er organisert i såkalla BA, må endre organisasjonsform før nyttår, opplyser Arnstein Tveito i Norges Bondelag.