Godt nøgd: Nils Magne Gjengedal. 

 

- Malawiprosjektet er viktig å støtte, fortel Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.  

Malawiprosjektet er ei solidaritetsprosjekt der "bønder støttar bønder". Bondelaget har ein samarbeidsavtale med Bygdeungdomslaget og Utviklingsfondet. Målet er å betre livsvillkåra for bøndene i Malawi. 

 

- Folk ville verkeleg kjøpe lodd

FRÅ LODDTREKKNINGA: Det var mange som reiste heim med premie etter eitt vellukka lotteri.

 

- På møte selde me lodd for 13100  kroner, premiane var sponsa av lokale bedrifter og kommunar i Sogn og Fjordane. Eg ynskjer å takke Felleskjøpet, Nortura, Tine, Sognalam, Eldrid Grønberg, Bondevennen, G-Sport Sandane, Hole Traktor & maskin, Fjordane Pelsyralslag, Førde kommune, Gaular kommune, Naustdal kommune, Jølster kommune og  Aasen Hønseri. Dei sponsa oss alle med flotte og minnerverdige gevinstar.  I tillegg kjøpte me gåvekort til innleiarane på møte frå utviklingsfondet. 

Gåvekorta kosta 4000 kroner, Overskotet frå salet går til familiar som kjempar for ein kvardag uten svolt og fattigdom. 

-  Me er stolte over å ha samla inn så mange tusen. Det er enkelt å vera loddseljar når folk er så flinke til å støtte, dette var verkeleg kjekt.   

 

Les meir om Malawiprosjektet her.