Godt nøgd: Nils Magne Gjengedal. 

 

- Malawiprosjektet er viktig å støtte, fortel Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.  

Malawiprosjektet er ei solidaritetsprosjekt der "bønder støttar bønder". Bondelaget har ein samarbeidsavtale med Bygdeungdomslaget og Utviklingsfondet. Målet er å betre livsvillkåra for bøndene i Malawi. 

 

Loddsalet gjekk unna

FLOTTE GEVINSTAR: Det var mange som reiste heim med premie etter eitt vellukka lotteri.

 

- På møte selde me lodd for 20 200 kroner, premiane var sponsa av lokale bedrifter og kommunar i Sogn og Fjordane. Eg ynskjer å takke AK-maskin, Eik maskin, Sognalam, Fjordane Gardbrenneriet AS, Kandal Kjøtt, Nortura, Felleskjøpet, Tine, Fiskå Mølle, Fjellestad Gardskjøkken, Balholm, Lerum, Gloppen Hotell, Larstunet, Joker Hyen, Nils Magne Gjengedal, YX Askvoll, Esso Førde Naustdal Dampbakeri, Sogndal Hotell, Knutholmen, Ete Fysst, Sybutikken sting for sting, Sogn og Fjordane Bondelag, Sognebia, Bakar Jon, Ola Tunet - Hestenes Gard, Kjell Stokke - DeLowal og Sogndal kommune. Dei sponsa oss alle med flotte og minnerverdige gevinstar.  I tillegg kjøpte me gåvekort til innleiarane på møte frå utviklingsfondet. 

Gåvekorta kosta 3750 kroner, overskotet frå salet går til familiar som kjempar for ein kvardag uten svolt og fattigdom. 

-  Me er stolte over å ha samla inn så mange tusen. Det er enkelt å vera loddseljar når folk er så flinke til å støtte, dette var verkeleg kjekt.   

 

Les meir om Malawiprosjektet her.