ALL GRUNN TIL Å SMILE: Birgitte Sunde Bjaanes. 

 

- I år har me samla inn 12 620 kroner til Malawiprosjektet, seier Birgitte Sunde Bjaanes.

Ho er rådgjevar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

- Malawiprosjektet er ei solidaritetsprosjekt der "bønder støttar bønder". Bondelaget har ein samarbeidsavtale med Bygdeungdomslaget og Utviklingsfondet, målet er å betre livsvillkåra for bøndene i Malawi. 

 

God respons

 

SPENNANDE: Loddtrekking under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- På møte selde me lodd for 10 020 kroner, premiane var sponsa av lokale bedrifter i Sogn og Fjordane.  I tillegg kjøpte me gåvekort til innleiarane på møte. 

I fylgje Bjaanes kjøpte Sogn og Fjordane Bondelag gåvekort for 2600 kroner, der kvar av dei åtte innleiarane fekk ein framtidsgris til inntekt for Malawiprosjektet. 

- Eg er godt nøgd, inntekta går til ei veldig god sak. Me hadde også laga informasjonsplakatar om prosjektet, der folk kunne lese meir om kva inntekta går til.  

Bjaanes fortel at folk var positive, og at den gode responsen varma. 

- Det at me selde rundt 1000 lodd er flott, eg trur folk vart rivne med. 

 

Les meir om Malawiprosjektet her.