11 medlemmer stilte på årsmøte til Nordsida Bondelag. Der vart fyrst leiar Erik Ivar Ulvedal vald til møteleiar.  

Deretter vart årsmeldinga og rekneskapen godkjent.

Laget har det siste året mellom anna arrangert ein bondekafe, der jordbruksforhandlingane vart diskutert. Vidare har dei delt ut bondevennpris til Coop Fjelli og Nordfjord Fritidssenter.  

Elles vart Knut Gunnar Ulvedal vald til ny leiar i Nordsida Bondelag.