Nordre Gulen Bondelag heldt årsmøte måndag 26. oktober. Avtroppande leiar Jarle Nordgulen presenterte årsmeldinga til laget. Laget har vore aktive med høyringsinnspel og andre førebuingar til jordbruksforhandlingane, og dei har vore representerte på leiarmøte og regionmøte arrangert av fylkeslaget. Nordre Gulen Bondelag har gjeve støtte til landbruksprosjektet i Malawi, og til skulefrukost i regi av den lokale sanitetsforeininga.

På årsmøtet vart Kåre Haveland vald til ny leiar. Med seg i styret har han Jarle Nordgulen, Halvor Brosvik, Dagfinn Midttun og Roar Elnes.

Styret i Nordre Gulen Bondelag; f.v Halvor Brosvik, Dagfinn Midttun, Kåre Haveland og Jarle Nordgulen. Roar Elnes var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Medlemane i Nordre Gulen Bondelag har det sosialt og kjekt i lag. På årsmøtet er rømmegraut og utlodning ein fast tradisjon.