Nordre Gulen Bondelag har hatt årsmøte. Der ynskte leiar Halvor Brosvik velkomen til dei 12 medlemmene som stilte. 

Laget diskuterte fleire tema, mellom anna utfordringar til beitekravet, lausdriftskravet og korleis ein skal tilpasse framtidig drift. 

Vidare vart samanslåing med andre bondelag i området drøfta. Dette tema skulle styret jobbe meir med.  

Elles var det val. Jarle Nordgulen vart vald til ny leiar.