NY LEIAR: Arve Wergeland. 

 

Årsmeldinga syner eit lag med mykje god aktivitet. Dei deltok på fylkeslaget sine arrangement, utførte arbeidsoppgåver i samband med Tour de Fjords og arrangerte gardsbesøk/temamøte om landbruksmeldinga i samarbeid med KRF. Laget stilte med 4 personar til felles blokadeaksjon i Arna under årets brot i jordbruksforhandlingane. Heilheitsinntrykket var at aksjonen var vellukka, og gav god mediedekning. 

I innkallinga til årsmøte var samanslåing av lokallaga i Gulen eiga sak. Etter initativ frå Eidsbotn Bondelag var alle lokallagsstyra i Gulen samla på Dalsøyra for å diskutere eventuell samanslåing av laga. Der var det einigheit om at saka skulle behandlast i dei respektive årsmøta i år. 

Brekke Bondelag vedtok einstemmig å jobbe for samanslåing av dei tre lokallaga i Gulen. 

 

Val

Leiar Sjur Haugland, Bjarne Tynning og John Gjersvoll var på val. Sjur Haugland og Bjarne Tynning held fram i styret som styremedlem.  

Arve Wergeland er ny leiar, einstemmig valt.