NY I STYRET: Ellen Kristin Eiken.

 

- Me driv med mjølkeproduksjon i Hellevik i Fjaler. Me overtok garden for 19 år sidan, og no har me cirka 140 000 liter i kvote.

Det fortel Ellen Kristin Eiken. Ho er nyvald 1.vara i styret til Sogn og Fjordane Bondelag.

- Eg ser fram til å lære noko nytt, og kompetansen eg har innafor helse trur eg vil vera nyttig.

Eiken har Bachelor i sjukepleie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. I tillegg er ho vidareutdanna i kognitiv terapi ved Røde Kors Haugland Rehabliteringssenter. For tida jobbar ho som leiande sjukepleiar ved Røde Kors Haugland Rehabliteringssenter. Det har ho gjort sidan 2013.

- Eg håpar erfaringa eg har innan helse vil kome Bondelaget til nytte. Med jobben eg har i rehablitering, veit eg kva ein trygg og verdsatt arbeidsplass har å seie for god helse.

 

Ser fram til å sitte i fylkesstyret

STYRET I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Frå venstre står Nils Magne Gjengedal (styremedlem), Ellen Kristin Eiken (1.vara), Anders Felde (leiar), Kari Sigrun Lysne (styremedlem), Ole Bjarne Hovland (nestleiar), Gry Ingvild Agjeld (styremedlem) og Mathilde Dolen Nesje (3.vara). Olav Høyheim Einan (2.vara var ikkje tilstades då bilde vart teke).

 

- Eg ser fram til å få lære masse nytt og bli kjent med nye folk seier Eiken.

Sjølv om ho er ny i styre til Sogn og Fjordane Bondelag, har Eiken god erfaring frå lokallagsarbeid. Frå 2004- 2008 var ho styremedlem i Fjaler Bondelag.  I tillegg til ei rekke verv i andre lokale lag og organisasjonar.

 

 Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer ho velkomen inn i styre, og lukke til med arbeidet.