- Eg trur kanskje eg har fått draumejobben. Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på arbeidsoppgåvene, seier  Birgitte Sunde Bjaanes.

Ho vaks opp i Masdalen i Førde, men bur i dag i  Farsundfeltet saman med mannen sin. Bjaanes gler seg stort over jobben ho har fått, og fortel ivrig at arbeidsoppgåvene vil vera både varierte og spennande.

- Eg skal mellom anna jobbe med skuleprosjektet, og eg gler meg til å formidle kor viktig den norske bonden er. Eg likar å arrangere ting, seier 29-åringen som på Bondelags-kontoret vil overta mange av oppgåvene Anita Sæther har hatt dei siste åra.

 

Brenn for kulturlandskapet

 

- Folk har brukt lang tid på å bygge opp landet, og så let vi det berre gro att. Det tykkjer eg er trist. Det er ikkje berre å knipse med fingen, og få det tilbake slik det ein gong var. 

Bjaanes tok bachelor i biologi ved universitetet i Bergen. Der var eitt av favorittfaga hennar kuturlanskap i Norden. Ho har også master i akvatisk økologi. 

- Eg angrar litt på at eg ikkje valde å fordjupe meg endå meir i kulturlandskapet vårt, for det er viktig å halde i hevd. 

 

Kjærleik til norsk mat

 

Sjølv bur ho ikkje på gard, men det hindrar ho ikkje å hauste av jorda. For Bjaanes er det viktig å kunne dyrke eigne bær og grønsaker. 

- Det smakar best, dessutan er det kjekt å produsere noko sjølv.  Eg gler meg veldig til våren, når eg skal ut å så og plante igjen. I hagen vår har me mellom anna gulrøtter, rabarbra og jordbær.

Når det kjem til dyrehald, er det hest som har stått henne nærast.

- Det er nokre år sidan eg dreiv fast med det, men onkelen min har hest. Han er nærmaste nabo til barndomsheimen i Masdalen, så eg har heldigvis sjans til å besøke hestane. Men det er ikkje slik det var før, då eg nærast budde i stallen og overnatta der for å vera med når nye føl kom til . Eg håpar å ein dag byrje med hest att, seier Sogn og Fjordane Bondelag sin nye rådgjevar.