- Gler meg til å jobbe i Bondelaget

 

Sta, snill og med kjærleik til landbruket, gler eg meg til å ta fatt på oppgåvene i Sogn og Fjordane bondelag.

 

Namnet mitt er Marita Skeie. Eg vaks opp på ein liten gard i Hardanger med mjølkekyr, stutar og kattar. I barndommen fekk eg vera med far i fjøset og eg hugsar eg satte namn på alle dyra. Marita-kua var den gjevaste, den var berre mi. Dagen ho vart sendt med slaktebilen var eg utrøysteleg, men to dagar etter var smilet attende. Då hadde eg valgt meg ei ny ku – Signy.  

Garden var ikkje stor og den vart etterkvart vanskeleg å drive. Då far avvikla drifta, var det til stor sorg. Sjølv om løa i dag står tom, lev framleis minnene om kalving, mjølking og rauting.

Etter å ha fullført gymnaset, valde eg å reise i militæret. Etter endt fyrstegongstjeneste jobba eg på ein omsorgsbustad og som lærarvikar i heimkommunen min, Kvam herad.

 

Her ser du garden eg kjem frå i Hardanger.

 

Utdanna journalist

I tre år studerte eg journalistikk ved Høgskulen i Volda. Ei tid eg ser attende på med eit smil.  Vidare gjekk vegen til Bergen. Der jobba eg i NRK Hordaland, laga mellom anna fleire saker om landbruk. Om du klikkar på linken nedanfor, kan du høyre noko av det eg gjorde (frå 2013).  

http://www.nrk.no/lyd/hoyr_radioreportasje_med_froydis_haugen_del_1/0FFBB785185D86F6/emne/Marita%20Skeie/

Etter ulike vikariat og ei fin tid i Bergen, kom eg over stillingsannonsa frå Sogn og fjordane Bondelag. Dei søkte etter folk med mellom anna medieerfaring og interesse for landbruk.

 

Ny jobb og ei ny tid

Eg har eit brennande engasjemnet for landbruk og levande bygdesamfunn. Difor var jubelen stor då eg fekk jobb som fyrstekonsulent i Sogn og Fjordane Bondelag. Med mi kjennskap til landbruket og bechelor i journalistikk, , meiner eg at eg har mykje å tilføre Bondelaget sitt kontor i Førde.  

No ser eg fram til å slå eit slag for landbruket og fronte det positivt.

 

 

"For å være en ordentlig nordmann bør du ha et visst forhold til landbruk på en eller annen måte".

-Jan Brøgger