NY I FYLKESSTYRET: Ole Bjarne Hovland

 

- Det blir veldig spennande å sitje i styret til Sogn og Fjordane Bondelag, eg gler meg. Det fortel Ole Bjarne Hovland. 

Odelsguten overtok garden Hovland i 2006. I dag har han rundt 140 vinterfora sau på garden i Naddvik, cirka ei mil frå Årdalstangen. I tillegg tilbyr landbruksverksemda jakt - og fiskeutleige, samt utleige av overnatting. 

- Det beste med å vera bonde er at ein kan bestemme over sin eigen dag. Ein er på ein måte sin eigen sjef. Som sauebonde føler er at eg er på lag med naturen, tenk berre på kor mykje eg kan vera på fjellet. Eg tykkjer eg har ein triveleg og interessant jobb. 

 

Fyrste styremøte overstått

PÅ MØTE: 5.april var Hovland på sitt fyrste møte i Sogn og Fjordane Bondelag. Møtet fann stad i Førde.

 

- Mitt fyrste styremøte gjekk veldig bra, eg fekk møte mange flinke folk. Eg føler eg kan mykje om sau og rovdyr i vår region, men det er mykje nytt å setje seg inn i. 

Korleis er det å sitje i fylkesstyret?

- Det er spennande. Eg kan ikkje alt om landbruket, så utfordrande kan det også bli. Uansett trur eg det vert mest kjekt.