Vel 30 frammøtte fekk ei flott orientering om bygginga, og drift av fjøsen. Årdal sau og geit ved Erling Offerdal, Årdal Bondelag ved Ole Bjarne Hovland, og prosjektet Sognalam ved Magnhild Aspevik delte ut gåver.

Pris på driftsbygningen vart 4.5 mil. 0.9 mil var tilskot frå innovasjon Norge.

 

Sauene har det godt

 

Dei fyrste sauene flytta inn hausten 2018, og har fått ein moderne fjøs. Tre storbingar med plass til 60- 70 sauer i kvar. Grovfôr etter appetitt, og 3 stk kraftfôr automatar gjev fôr-tildeling heil mekanisert.

 

Takk til Ole Bjarne Hovland for både tekst og foto.