Ein del av den gamle forskrifta vert vidareført, men det er også ein del nytt. Viktige punkt er:

  • Det vert innført karenstid for flytting av storfe, svin og lamadyr
  • Eit større ansvar for forebyggande helsearbeid blir lagt til dyrehaldar. Viktige stikkord er skriftleg smittevernplan, særskilte hygienekrav i næringsretta dyrehald og kompetansekrav.
  • Forbod mot flytting av hodyr av sau vert vidareført og utvida til å også gjelde hodyr av geit. Forbod mot flytting av småfe over fylkesgrenser vert oppheva og det blir laga større regionar (landet blir delt inn i fire småferegionar) som vil bidra til at det no blir lettare å flytta hanndyr av småfe. Det blir også opna for livdyrsamarbeid på småfe (maks 4 dyreholdarar, dyreholdarane må bu i samme fylke og det er ikkje lov å delta i meir enn eitt livdyrsamarbeid)
  • Det blir innført krav om kompetanse til dyreeigarar i næringsretta dyrehald (gjeld frå 01.01.2020).

 

Her finn du dyrehelseforskirfta.