- Sett i høve til inntektsnivået i landet vårt er ikkje maten dyr, men eg stiller likevel spørsmål ved mykje av "sanningane" i landbruket, held Stang fram.  Statistikken er tydeleg på at maten i Norge ikkje er dyr, men meiner forbrukaren det same utfordra Stang.  Har du som bonde tru nok på det du driv med?  Viss du produserer verda sin beste mat, vil ikkje forbrukaren då likevel velje din mat i konkurranse med andre matvarer? held han fram.  Rekkja av spørsmål til tilhøyrarane var lang:

  • Er matproduksjonen viktigast?
  • Er ope landskap eit formål eller ein konsekvens for matprodusenten?
  • Er matproduksjonen eit middel eller eit mål i landbruket?
  • Er livskraftige bygder eit formål, ein føresetnad eller eit resultat av landbruket?
  • Er 40 syltetyglas næring eller hobby?
  • Er gardsturisme, gardsbarnehage eller reiseliv landbruk?
  • Kva får 27-åringen til å satse på bondeyrket?  Er det nok med det flotte biletet?
  • Kvifor må vi betale 180 kr/kg for godt argentinsk lam på Rema når norske bønder ikkje ein gong kan levere nok norsk lam?
  • Det har sin pris å ha norsk landbruk, er det verdt det?

Slik kunne vi ha halde fram med spørsmål.   Innlegget til Stang skapte engasjement i salen og mange klarte ikkje å vente med kommentarane sine til innleiinga var over.  Tilhøyrarane let seg rett og seltt provosere over mange av utsegnene og spørsmåla til Stang, men det var semje om at det er godt å bli utfordra.  - Godt å få andre innfallsvinklar enn sine eigne til  landbruket og det vi driv med var nokon av kommentarane ein kunne høyre i pausen.  Stang klarte utan tvil å skape debatt med alle sin spørsmål, og om ein ikkje var samde om alt, så kunne ein semjast om at norsk mat ikkje er dyr.

Kommentarane til Jan Atle Stang sitt innlegg var mange.  Her er det nestleiar i Tine SA og styremedlem i Norges Bondelag Ingunn Sognnes som kommenterer, medan Stang lyttar.

 Jan Atle Stang si innleiing finn du her