Det er vanskeleg å finne samanheng mellom dei måla Regjeringa har for matproduksjonen, og dei verkemidla landbruksministeren har presentert så langt.   Det vil vere avgjerande at regjeringa, før ho set tiltak ut i livet, gjennomfører eit heilskapleg arbeid som synleggjer konsekvensar av ulike tiltak, heiter det i fråsegna frå fylkesårsmøtet.   Kunnskap må styre avgjerdene!   Ei omlegging av fleire ulike verkemidlar stykkevis og delt kan få ein sumeffekt som kan få dramatiske konsekvensar for matproduksjonen i vårt fylke, både på kort og lang sikt.

Norsk sjølvforsyning av mat er på eit lågmål, og Norge har sett seg sjølv i ein svært sårbar situasjon ved store konfliktar og kriser.   Denne trenden må snuast og det må setjast inn eit krafttak for å auke norsk matproduksjon både i sentrale strøk og i distrikta.   Det trengst inntekt som mogleggjer nye investeringar i husdyrhaldet og i jorda.   Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane meiner at det vil vere avgjerande med ein distrikts/strukturprofil i ordningane, for å kunne sikre ein størst mogleg matproduksjon på norske ressursar.  Verkemidlane må vere tilpassa føremålet dei skal tene, og dei må vere fundert på kunnskap om konsekvensane.

Matprodusentar i distrikta treng verkemidlar som er tilpassa areala og topgrafien der maten skal produserast.