Nordfjordrådet er regionrådet for sju kommmunar i Nordfjord. Landbruket er ein av berebjelkane for busetnad og næringsutvikling i vår region. Vi ser det som avgjerande for utviklinga i distrikts-Noreg at landbruksnæringa har gode rammevilkår.

Nordfjordrådet syner til brotet i jordbruksforhandlingane mellom Regjeringa og landbruksorganisasjonane, og pågåande aksjonar i samband med dette.

Nordfjordrådet meiner at bøndene må ha ei inntektsutvikling på line med resten av samfunnet. Vi krev at måla og strategiane i landbruksmeldinga må følgjast opp i årets jordbruksforhandlingar. Det må løne seg å produsere god og kortreist mat, og bøndene må kunne ha inntekter som gjer det mulig å investere for framtida – også for nye generasjonar bønder i Nordfjord, heiter det i fråsegna frå ordførarane i Nordfjord.