Invitasjonen til deltaking i referansegruppa i Nordfjord Vassområdeutval har gått ut til eit breidt spekter av lag, organisasjonar og verksemder, og det vert bede om tilbakemelding innan 04.01.13. -Om ein ikkje har motteke invitasjonen, kan ein likevel melde seg inn i referansegruppa, forsikrar prosjektleiaren for vassområdet, Staffan Hjohlman. Høve til å medverke står sentralt i arbeidet med vassforskrifta, og medlemar av referansegruppa kan delta i arbeidet mellom anna ved å:

  • Få tilsendt informasjon om arbeidet
  • Delta på møte og synfaringar
  • Kome med innspel til arbeidet

Blant utfordringane i Nordfjord finn ein ureining frå landbruk, industri og kommunale avløp, regulering og fysiske inngrep i vassdrag og påverknad frå fiskeoppdrett. Ei samanstilling av utfordringane i Nordfjord er presentert i dokumentet "Innspel til vesentlege utfordringar for vassforvaltninga". Ein kan kome med innspel til innhaldet i rapporten fram til 31.12.12, opplyser Hjohlman. I 2013 vil arbeidsutvalet lage ein rapport om aktuelle tiltak, basert på prinsippet om at påverkaren/forureinaren skal betale. Dei som påverkar vassområdet i Nordfjord vil difor ha eigeninteresse av å følgje arbeidet, og aktivt ta del i prosessen.

Du kjem i kontakt ved Nordfjord Vassområde ved å kontakte prosjektleiar Staffan Hjohlman:

E-post: staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no

Mob.tlf: 904 02 661

I Nordfjord vassområde er ureining frå landbruk peika på som ei mogleg utfordring. -Dei som påverkar vassmiljøet bør aktivt følgje arbeidet i vassområdet, oppmodar Staffan Hjohlman.