Etter eit år utan leiar, der samanslåing med andre lokale bondelag har vore vurdert landa eit samstemt årsmøte ned på at Selje- og Stadtlandet Bondelag held fram som eige lag. 

Årsmøtet vart skipa til i Ervika og det var møtt opp ein tydeleg gjeng med sterke meingar.  Det var friske diskusjonar om mjølk og kva Bondelaget gjer og ikkje gjer for sau.  Import av mat og klima var ein også innom.  Fylkesleiar Anders Felde representerte fylkeslaget og han seier seg godt nøgd med engasjementet hos medlemene.  - Da er skikkeleg moro å vere på møte der medlemene seier i frå om kva dei meinar slik at vi kan få ein god dialog kring viktige tema avsluttar Felde.  

Det var også semje om å følgje nøye med i prosessane kring etableringa av nye Stadt kommune, og det tilbodet kommunen gjev innbyggjarane lengst vest og nord i den nye langstrakte kommunen.

Svein Per Ervik tek til som leiar i Selje og Stadtlandet Bondelag.  Lukke til :)

Årsmøtet vart skipa til i trivlege lokale i Eldhuset hos Geir Ole Ervik og kona