STANDALEN I SOGN OG FJORDANE.

 

Fylkestinget legg intensjonsplanen ut på høyring for at privatpersonar, næringsliv og offentleg forvaltning skal få seie meininga si. 

No kan alle som ynskjer kome med innspel. Høyringsfristen er 23.november.  

 

Fleirtalet på Stortinget vil ha tre forvaltningsnivå i Noreg:

kommune, region og stat, samt at talet på fylkeskommunar skal reduserast frå dagens 19 til om lag 10 regionar. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar har arbeida fram ein intensjonsplan som vart undertekna av fylkesordførarane 15. september. Målet med høyringa er no å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma. Intensjonsplanen bør belysast frå fleire sider og på ein grundig måte.

 

Fylkeskommunen ber høyringsinstansane særleg om tilbakemelding på følgjande tema:

  • Synspunkt på om Sogn og Fjordane bør vere med og søkje Stortinget om samanslåing av dei tre vestlandsfylka, slik den framforhandla intensjonsplanen legg opp til (jf. vedlegg 1).
  • Synspunkt på ytterlegare krav og ønske som vi kan ta med oss i arbeidet med å utvikle ein eventuell vestlandsregion. Dette kan også vere supplement til «kravlista» som ligg i punkt 10 i nemnde intensjonsplan.

 

Høyringsbrev, intensjonsplanen og meir informasjon finn de ved å klikke her.