No kan du bli med på mentorordninga i landbruket

Publisert 22.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartnar? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele erfaring med andre? Då er mentorordninga midt i blinken for deg.

 

22.november var det samling på Skei for dei som har delteke på mentorordninga i 2019. Her fekk ordninga gode tilbakemeldingar.  

 

Bønder i Sogn og Fjordane er invitert til å vera med i ei mentorordning, kalla "Bønder hjelper bønder" i 2020.  Er dette interessant for deg, eller kjenner du nokon som kan ha interesse for dette?

Ordninga er nasjonal, og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar.

 

Om ordninga

DELTAKARAR PÅ MENTORPROSJEKTET I 2019: Frå venstre mentor Per Gunnar Gilleshammer og Rolf Olav Gjørven.

 

Mentorordninga er ei ordning der ein inngår ein formell avtale med ein kollega, om å bistå som diskusjonspartnar i drifta. Mentoren må vera ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Produsenten som får mentorhjelp må vera ny produsent eller ein som skal gjere store endringar i drifta. 

Fristen for å melde seg på ordninga er 1.desember 2019. 

 

 

Les meir om ordninga og påmelding her.

Mentorordninga fekk fart på plommeprosjektet. 

 

 

Fylkesleiar Anders Felde

Startar 2018 med kursing av tillitsvalde

- Å ha eit oppegåande lokallagsapparat er avgjerande for Norges Bondelag, seier fylkesleiar Anders Felde. Han er glad for at organisajsonen sentralt set dette på dagorden og tilbyr kurs for tillitsvalde i lokallaga kring i heile landet.

No kan du opne luke 24 i julekalenderen vår.

Luke 24

No kan du opne luke 24 i julekalenderen vår.

No kan du opne luke 23 i julekalenderen vår.

Luke 23

No kan du opne luke 23 i julekalenderen vår.

Luke 22

Luke 22

No kan du opne luke 22 i julekalenderen vår.

Liv Signe Navarsete

Luke 21

No kan du opne luke 21 i julekalenderen vår.

Ungdomssamling på TINE Byrkjelo

Ungdomssamling på TINE Byrkjelo

Mjølkeprosjekta i Gloppen, Jølster, og Stryn inviterer landbruksungdom (med sjåførar) til romjulstreff med lunsj, godt samvær, informasjon, og diskusjon. Dei som ynskjer ei omvising på meieriet før møtet, kan møte kl 11.00.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere