22.november var det samling på Skei for dei som har delteke på mentorordninga i 2019. Her fekk ordninga gode tilbakemeldingar.  

 

Bønder i Sogn og Fjordane er invitert til å vera med i ei mentorordning, kalla "Bønder hjelper bønder" i 2020.  Er dette interessant for deg, eller kjenner du nokon som kan ha interesse for dette?

Ordninga er nasjonal, og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar.

 

Om ordninga

DELTAKARAR PÅ MENTORPROSJEKTET I 2019: Frå venstre mentor Per Gunnar Gilleshammer og Rolf Olav Gjørven.

 

Mentorordninga er ei ordning der ein inngår ein formell avtale med ein kollega, om å bistå som diskusjonspartnar i drifta. Mentoren må vera ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Produsenten som får mentorhjelp må vera ny produsent eller ein som skal gjere store endringar i drifta. 

Fristen for å melde seg på ordninga er 1.desember 2019. 

 

 

Les meir om ordninga og påmelding her.

Mentorordninga fekk fart på plommeprosjektet.